... seier retten her at nazistar hatar for mange grupper til at ein kan tolke dei som hatefulle mot nokre av dei? nrk.no/sorlandet/frikjent-for-

No er det så varmt her inne at lungeskader frå skogbrannrøyk nesten verkar som eit akseptabelt alternativ

Såg allereie i dag nokre slike sparkesyklar ligge slengt midt på fortau. I Oslo låg dei overalt, den uvanen treng vi vel ikkje importere hit? nrk.no/vestland/firma-set-ut-5

Jonsok har eit ganske tynt kapittel i salmeboka, og etter mi meining er den beste i det òg den nyaste, nr. 247: «Tal vennlig til Jerusalem». tv.nrk.no/serie/salmeboka-minu

Det er sommarsolkverv, og søndag, så nr 333, «No kallar sol og sommarvind», må nesten bli dagens. tv.nrk.no/serie/salmeboka-minu

Akk, ja! Eg rakk i alle fall sjå gjennom What We Do in the Shadows.

Show thread

Get er i konflikt med TV2, og som kompensasjon for at TV2-kanalane manglar får eg poeng å bruke på andre tenester. Eg håper konflikta blir langvarig, for eg gir beng i TV2, men tar gjerne HBO Nordic.

Forsinka PSA til prestar i DNK: Den liturgiske fargen for treeiningssøndag er kvit.

Litt seint å komme på det, men i dag er den første av sommarens imbredagar.

Pinsedag! Den tredje av dei tre store høgtidsdagane i kyrkjeåret. Trur nok «I all sin glans nu stråler solen» er mykje brukt i dag, og det med rette. tv.nrk.no/serie/salmeboka-minu

Eg poppar opp i ein liten cameo i pinsegudstenesta frå St Edmundsburykatedralen i dag: facebook.com/stedscathedral/vi

Opna vindauget på vidt gap for lufting i finvêret. Ein katt hoppa brått opp i vindaugskarmen medan eg sat med ryggen til. Eg skvatt voldsomt, katten skvatt verre og sprang, og no har eg dårleg samvit for å ha skremt stakkaren.

All shall be well, and all shall be well and all manner of thing shall be well.

Har blitt kraftig auke i takeout for meg i denne perioden, og eg kjenner meg no sikker i mi sak: Arti Kong Oscars Gate lagar betre mat enn Arti Danmarksplass.

Det artigaste med tech support til foreldre over telefon er å prøve å gjette seg fram til korleis ulike program har omsett menyane sine, og kva funksjonar som har blitt ekstra kryptiske i prosessen.

Desse dagane mellom sjette søndag i påsketida og Kristi himmelferdsdag er frå gamalt av spesielle bønedagar, kalla gangdagar eller rogasjonsdagar. Bøna i salmen passar bra for tida for meg i alle fall.

Show thread
Show more
Mastodon

Server run by the main developers of the project 🐘 It is not focused on any particular niche interest - everyone is welcome as long as you follow our code of conduct!